Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Julegate på omsorgsenteret

Elevar laga julegate på omsorgsenteret

Av Fjordingen

Elevar på Innvik skule og dei eldre på Vikane Omsorgsenter har eit nært samarbeid. Onsdag var det livleg aktivitet med juleverkstad og opning av julegata i den provisoriske korridoren på senteret.

I alt 22 første- og andreklassingar inntok etter lunsj onsdag storstova på senteret, og der pågjekk arbeidet med liv og lyst. Samarbeidet mellom dei unge og eldre var upåklageleg. Dei brukte hendene til å lage julepynt saman, og det var omsorgsenteret, med Grethe Hilde i spissen som hadde kjøpt inn farga papir og alt utstyr som skulle til.

Les heile saka i Fjordingen mandag 19. desember 2011, side 10 og 11.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.



(Sist oppdatert 19.desember 2011, 10:47)

Gå til nyhendearkiv