Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Takk Stryn Energi

Dagmar mørkla Vikane i fleire dagar

Av Harald Røyrvik

Ekstremvéret Dagmar bles over Vikane 1. juledag og la tre over vegar, linjer og hus. Sjøen piska langt opp på land og både straum og telefoni forsvant.

Straumforsyninga datt ut 17:50 (den 25. desember) første gang og tre kvarter etter hadde heile sentralnettet kolapsa og Stryn Energi hadde ingen forsyning til kommunen. I heile fylket hadde Dagmar blese tre over linjene og alle energiverka vart råka. Stryn Energi, som resten av e-verka satte inn alt av tilgjengeleg mannskap til rydding og utbetring av feil.
Forsyninga fram til kommunen kom ikkje igjen før etter to dagar og dei første heldige fekk att straumen.

Vi her på innerste trafokrets var råka lokalt ved at tre hadde falt over linja ned til trafoen og vart i første omgang fråkopla linja. Etter å ha masa litt og sagt oss villige til å hjelpe, fekk vi mannskap på fjerde dagen.

Vi vil takke mannskapet til Stryn Energi som både i vårt tilfelle og sikkert i mange andre sto på og jobba knallhardt for å gi oss straumen tilbake.

Kompensasjonen for alle i Vikane skulle bli 2.700kr eller meir (4.000,- for oss på innerste trafokretsen), men hugs at du må kreve dette frå Stryn Energi.
Meir informasjon om dette kan du finne under sida til Stryn Energi, www.stryn-energi.no.






(Sist oppdatert 03.januar 2012, 22:27)

Gå til nyhendearkiv