Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Aksjer i Vagstad AS

Aksjer i Vagstad AS?

Av Lars Åge Hilde

Ein større utanbygds aksjonær ynskjer å selge aksjane sine i Vagstad AS. Prisen er fastsett til kr 1.000 pr aksje.

Styret vil gjerne at eigarskapen til Vagstad AS i størst muleg grad skal ligge i Innvik. Selskapet er viktig for bygda og bør ha ei rolle i tillegg til den reint forretningsmessige. I tillegg vurderar vi prisen som attraktiv og vi trur at risikoen i aksjane er liten. Vi vil også nemne at aksjane sin formuesverdi for tida er kr 0 (pga formuesfastsettelsen på forretningsbygget) og at kjøp av aksjer derfor kan vere gunstig for dei som slit med formuesskatt.

Det er derfor bestemt at alle som har fast eigedom i Innvik kan få kjøpe aksjer, også dei som ikkje har frå før. Dersom interessa er så stor at der ikkje er nok til alle må vi etter vedtektene først selge til dei som har frå før, men det er lite truleg at dette problemet vil oppstå.

Kjøp av aksjer skjer ved at du overfører (tal aksjer x 1000) til Vagstad AS, kto 3770.10.42000. Vi samlar opp og kjøper aksjane inn porsjonsvis. Deretter sørger vi for innføring i aksjonærregisteret. Alle aksjer i selskapet er jamstilte og utbytteberettiga. Tilbodet om kjøp og pris er tidsbegrensa og kan når som helst trekkast tilbake av selgaren.

For meir opplysningar om aksjen eller rekneskap kan du kontakte Lars Åge Hilde, 915 74 965.




(Sist oppdatert 05.januar 2012, 06:34)

Gå til nyhendearkiv