Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Beklager

Styret i Vagstad vil beklage

Av Lars Åge Hilde

Styret i Vagstad vil beklage bensinstasjonen si tilstand dei siste 8 månadane. I går, 4.januar, er endeleg arbeidet med å skifte pumpeutstyr i gong og vi får ei moderne pumpe som kun kan betjenast med kort.

Pumpa for avgiftsfri diesel blir også kobla til igjen.

Vi håpar at dei som har skifta drivstoffleverandør vil gløyme problema som har vore og kome tilbake til den lokale stasjonen etter kvart. Styret vil også takke alle dei som til tross for alle problema har benytta stasjonen.

Stor omsetning av drivstoff er viktig for å oppretthalde tilbudet i bygda, og også av stor betydning for Vagstad AS sin økonomi.


Helsing Styret i Vagstad AS



Les også nyheita Aksjer i Vagstad AS?


(Sist oppdatert 05.januar 2012, 18:14)

Gå til nyhendearkiv