Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Kongens fortenestemedalje

Kongens fortenestemedalje til Arve Haugen

Av Fjordingen

Innvik Sellgren personleg, Arve Reidar Haugen, vart tildelt Kongens fortenestemedalje fredag kveld.

Det var ordførar Sven Flo som stod for tildelinga under ei festleg samkome for familie, vener og ikkje minst kundar frå møbelbransjen.

- Eg trur ikkje denne verksemda hadde vore i Innvik i dag om det ikkje var for deg, sa Bjørn Åge som tok over leiinga etter faren i fjor. Han kom inn på det vanskelege valet faren hadde ved konkursen i 1991. Han måtte velje mellom ein trygg arbeidsplass i kommunen eller om han skulle bli med verksemda vidare med den uvissa som låg i det den gongen.

- Far, eg er stolt av deg. Du har alltid vore forbilde, sa den nye leiaren. Og midt oppe i det heile gløymde dei tre sønene heller ikkje mor Marit som har vore den sikre siste skanse når far og tre søner har tenkt møbelstoff, til tider nærast døgnet rundt.

Les litt om saka på www.fjordingen.no eller heile saka i Fjordingen måndag 9. januar 2012, side 16.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.


50 år frå trappespringing til sjefsstol

Av Fjordingen

Måndag er det 50 år sidan Arve Reidar Haugen byrja på Innvik Ullvarefabrikk. Det som skulle bli eit halvår for å tene pengar vart eit livslangt løp frå garnbør i trapper til sjefsstolen.

- Eg var nyutdanna frå Langvin. Neste målet var hagebruksskulen, men eg måtte tene litt pengar først. Eg spurde Torstein Presthus etter jobb, og vart tilsett på kr 3,15 for timen. Det vart ingen hagebruksskule. Eg vart verande, smiler "jubilanten" som har teke seg ein fridag frå salsturneane til Sunnmøre. Sjefsstolen gav han frå seg for vel eitt år sidan, men han har ingen nedtrappingsplan på bordet.

- Eg blir så lenge dei kan bruke meg, seier han og legg raskt til at den store glede attåt alt det positive som har skjedd siste åra, er at dei tre sønene Olav Runde, Geir og Bjørn Åge, har gått i fotefara til faren. Bjørn Åge vart dagleg leiar i fjor, Olav Rune har augo på utlandet og Geir er innkjøpssjef.

Les heile saka i Fjordingen fredag 6. januar 2012, side 8 og 9.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.



(Sist oppdatert 09.januar 2012, 21:11)

Gå til nyhendearkiv