Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Redningsaksjon for 100 år gamle Heimlund

Av Fjordingen

Harald Røyrvik og Olav Ø. Skåden oppfordrar alle innvikarar til å engasjere seg for å berge det 100 år gamle ungdomshuset Heimlund.

- Heimlund har sidan det stod ferdig i 1912, vore brukt til alle slags aktivitetar. Men no er forfallet så merkbart at det må gjerast eit krafttak dersom bygget skal bergast. Vi er avhengig av at heile bygda stiller opp for Heimlund, understrekar Harald Røyrvik og Olav Ø. Skåden.

Førstkomande tysdag er det kalla inn til folkemøte for å drøfte kva som skal skje med Heimlund. Initiativtakarane vonar på godt oppmøte og mange innspel.

Les meir om saka på www.fjordingen.no eller heile saka i Fjordingen fredag 13. januar 2011, side 6 og 7.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.



Les også Kva skal skje med Heimlund?, her på Vikanenett.




(Sist oppdatert 14.januar 2012, 14:14)

Gå til nyhendearkiv