Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Ledig stilling som vaktmeister

Ledig stilling som vaktmeister i Vikane

Av Stryn kommune

Det er ledig 50% stilling som vaktmeister i Vikane frå 02.04.2012. Stillinga inngår i vaktmeisterteamet i Vikane på 1½ stilling og har eit spesielt ansvar for skule og barnehagar i området.

Vaktmeistertenesta i Stryn kommune er no organisert med felles leiing og stillinga er ein del av vaktmeisterstyrken i kommunen.

Arbeidsoppgåver:
Ansvar for ettersyn, reperasjonar og vedlikehald av skulebygningar og anlegg samt andre oppgåver etter nærare avtale med vaktmeister I Ola Steinar Hestenes.

Kvalifikasjonskrav:
Fagbrev og/eller god relevant praksis
Gode samarbeidsevne
Kunne arbeide sjølvstendig, vise initiativ og fleksibilitet i arbeid

Heile saka finn du på www.stryn.kommune.no, der du også kan søke elektronisk på stillinga.

Søknadsfrist: 10.02.2012


(Sist oppdatert 05.februar 2012, 20:53)

Gå til nyhendearkiv