Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Filmstudio i fjøsen

Kyrne ut - smalfilmen inn

Av Fjordingen

Kyrne er borte for lenge sidan. I dag er det filmkamera som surrar og går i fjøsen til Larsbruket på Hilde i Innvik. Båsane er borte, men på benkane står topp moderne utstyr for digitalisering av gamle filmar.

- Det er viktig å sjå framover, men slagordet mitt er at vi skal ta vare på fortida for framtida. Det løyner seg mykje god historie i åttemillimetersfilmane frå 50 - 60 og 70 åra. Ei historie som snart vil vere borte om filmane ikkje vert tekne vare på, seier Steinar Hilde. Han tek oss med inn i det nye "fjøsrommet" som er bygt om for digitalisering av film og bilde. Her er han i ferd med å skape seg ein heilårsarbeidsplass i den gamle fjøsen. Han ser ikkje bort ifrå at det kan bli fleire arbeidsplassar med tida.

Les og sjå bilda på www.fjordingen.no eller heile saka i Fjordingen fredag 10. februar 2012, side 10 og 11.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.

Skapar eige levebrød av å digitalisere film

Av NRK Sogn og Fjordane

Det byrja med at han trengde å digitalisere sine eigne gamle filmar. No har Steinar Hilde i Innvik gjort levebrød av hobbyen sin.

Ringde og grein i telefonen
– Folk er utrulege til å gi tilbakemeldingar. Ein gong digitaliserte eg ein smalfilm for ei pensjonert dame. Filmen var teken opp av faren hennar og synte henne som lita jente. Ho hadde sjølv aldri sett filmen, og var følgjeleg spent. Ho ringde etter at ho hadde fått filmen, og var så rørt og glad at ho gret i telefonen, seier Hilde til NRK.no.

Les heile saka på www.nrk.no/sf.

Foto Vikanenett
Filmstudio i fjøsen


For meir informasjon sjå heimesida til Steinar Hilde på www.filmdigitalisering.no.


(Sist oppdatert 10.februar 2012, 22:25)

Gå til nyhendearkiv