Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Heimlund 100år

Årsmøte i Heimlund 16/2 kl.20

Av Interimstyret i Heimlund

3. juledag 2012 er Heimlund 100år. Vi har ein verdig jubilant med mykje god historie mellom veggane.
Torsdag 16. februar 2012 kl.20 er det årsmøte!

Årsmøte i HeimlundMykje har skjedd og mange minner er skapt i huset vårt. Bygdekveldar med underhaldning og dans, bryllaup, 17. mai, festar, basarar for skulemusikk, sokneråd og andre, haustfestar i 4H, konsertar, juletrefest, skodespel/revy, kakelotteri, ungdomsklubb, og slik kan vi fortsette.

Utan tvil har alle i bygda eit forhold til Heimlund.

Som alle ser så treng Heimlund ein no sårt trengt vedlikehald. Huset treng deg og ditt engasjement. Heimlund treng ei aktiv gruppe som engasjerer seg vidare for framtida.

Alle som tykjer om huset vårt, bør bidra. Kan du ikkje hjelpe til med arbeid eller vere aktiv i styret, så kan du kansje bidra med pengar til kassa?

Håpar det kan verte eit løft for jubilanten slik at vi kan feire 100 år med tett tak og kansje eit ansiktsløft.

Dersom det er nokon som ynskjer å gje ei pengegåve til Heimlund, så er kontonr. 3770.05.01036.

Forslag til vedtekter utarbeida av Interimstyret

Årsaka til nye vedtekter er at vedtektene frå 1907/1912 er svært mangelfulle i forhald til informasjon og styring. I tillegg meinar vi at dei er utgått på dato i forhold til kva Heimlund kan nyttast til. Vi meinar og at vi bør endre namnet til "Heimlund Bygdehus", fordi ikkje alle veit kva Heimlund er.
Årsmøte kan sjølvsagt gjere endringar her, men dette er det Interimstyret innstiller :

Vedtekter Heimlund Bygdehus

Trykk på bilde over og "åpne" word-dokumentet slik at du kan les gjennom vedtektene før årsmøte.

Heimlund. 1ste byggjetrinn

Foto utlånt av Anders Drageset

Heimlund. 1ste byggjetrinn © Anders Drageset

- Ungdomen kan redde Heimlund

Av Fjordingen

Innvikarane er einige om at noko må gjerast, skal 100-års jubilanten Heimlund reddast.

Tysdag 17. januar var det like mange frammøtte som det normalt ville vore til ein god bygdefest. Men denne gongen var det ikkje duka for fest. Heimlund er i djup krise, og det vart kalla inn til folkemøte.

Les heile saka i Fjordingen fredag 20. januar 2012, side 7.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.



Les også tidlegare nyheitskriv Redningsaksjon for 100 år gamle Heimlund


(Sist oppdatert 10.februar 2012, 14:47)

Gå til nyhendearkiv