Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_702e_18.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))

Nyhende

Årsmøte i Heimlund

Årsmøte i Heimlund 16/2-2012

Av Harald Røyrvik

Torsdag 16. februar var det årsmøte i Heimlund og Svein Kvame vart valgt til styreleiar.

Interimstyret hadde gjort ein god jobb og fått tak i personar i alle verv, nemnder og komitéar.

I styret saman med Svein Kvame vart Olav Ø. Skåden, Jostein B. Hilde, Christian Hopland,
leiar for Gaupa 4H; Renate Kjellevold og representant frå Innvik Bygdeutviklingslag; Harald Røyrvik valgt.

Det vart også valgt ein bygningskomité med Marianne S. Drageset som leiar og ei økonominemnd.

Under årsmøtet vart namnet og vedtektene diskutert og endringar vart gjort på tvers av forslaget frå interimstyret.
Namnet vart kun Heimlund og ein førte inn gards- og bruksnr samt eigarforhold med meir.

Årsmøtet stilte seg positiv til eit samarbeid med 4H der dei får pusse opp og ta i bruk delar av kjellaren.

Les heile Årsmøtereferatet og sjå forslag til samarbeidsavtale med 4H.



Les også tidlegare nyheitskriv Kva skal skje med Heimlund?, her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 20.februar 2012, 22:41)

Gå til nyhendearkiv