Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Into the White

Filmfest om krigsdrama

Av Vikanenett

Simon Partridge er son til den engelske piloten som måtte naudlande på Grotli 27. april 1940. Han tok turen frå London eins ærend for å vere med på førpremieren og sjå filmen.

Per Ove Reme inviterte Simon Partridge hit og lot han bu saman med seg i Innvik, no i helga.

Simon Partridge her i grå dress saman med Madeleine, Peder, Hogne og Ingfrid. (foto Per Ove Reme)
Into the White 022 © Per Ove Reme

Stor filmfest i Stryn kulturhus

Av Fjordingen

Stryn kulturhus var fylt til siste plass då det laurdag kveld var førpremiere på Petter Næss sitt krigsdrama "Into the White".

På førpremieren deltok regissør Petter Næss, skodespelar Stig Henrik Hoff, fleire statistar, Charlotte Winther frå produsentselskapet og Simon Patridge som er sonen til den engelske piloten, Richard T. Patridge.

Framsyninga i Stryn kulturhus vart ei storhending med raud løpar og dei to yngste på filmframsyninga var Madeleine og Peder Reme.

- Stort sprang mellom film og fakta

Av Fjordingen

I aprildagane 1940 var det kamp på liv og død mellom tysk og engelske krigsfly over Grotli. Vel 70 år seinare har hendinga blitt film.

- Det er har blitt litt mykje blanding av eventyr og den verkelege hendinga. Det er også årsaka til at eg sa nei då dei spurde om å få bruke namnet til far i filmen, seier Simon Partridge når Fjordingen møtte han ved frukostbordet i Innvik før premieredagen.

Les litt om saka på www.fjordingen.no eller heile saka i avisa Fjordingen mandag 5. mars 2012, side 6 og 7.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.


Storslått filmpremiere i Stryn

Av NRK Sogn og Fjordane

Nærmast heile innspelinga av den nye filmen "Into the White" har skjedd på Grotli på Strynefjellet. Dermed var førpremieren sjølvsagt lagt til Stryn, og både stjerner og lokalstjerner trappa opp på kulturhuset.

– Utruleg bra film!, kjem det frå fleire kantar når éin av hovudrolleinnehavarane, Stig Henrik Hoff, og regissør Petter Næss går ut av kinosalen.

Les heile saka på www.nrk.no/sf.


Filmen kjem til Vikane og blir vist i Utvik (Urdabrunn) fredag 23. mars kl.20.


(Sist oppdatert 06.mars 2012, 00:07)

Gå til nyhendearkiv