Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Innvik Bygdeutvikling 20.-22.4:

«VI RYDDAR ETTER DAGMAR – AKSJONEN»

Av Lars Åge Hilde

Helga 20.-22.april håpar vi du har tid til å setje av nokre timar til ein
storstilt dugnad i fjæra.

Vi vil oppfordre alle som er grunneigarar til å stille med traktor og det
dei har, og alle andre til å ta med godt humør og muligens ein høy-
gaffel og grillpølser, og kome og hjelpe grunneigarane.
På den måten håpar vi at strandlinja i heile Innvik kan ryddast og bli
presentabel igjen – klar for ny badesesong.

Bygdeutviklingslaget kjem til å «ta» frå Høgalmen til Småbåthamna.
Vi skal bruke gravemaskin der og vil også bygge eit jonsokbål elle
to med det same. Ein takksam tanke til Blaksætarane som har sendt
oss så mykje god bålmaterial!

Sett av helga og bli med! Meir om dette kjem i Innvikja 30.mars.

IBU, Styret


(Sist oppdatert 17.mars 2012, 23:29)

Gå til nyhendearkiv