Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Kyrkjelyden sitt årsmøte

Kyrkjelyden sitt årsmøte på Innvik fjordhotell

Av Geir-Ståle Vatnamo

Det har allereide blitt tradisjon at kyrkjelyden sitt årsmøte vert arrangert i mars på Innvik fjordhotell.

Ragnhild Vambeset ynskte velkomen og las deretter opp ei innhaldsrik årsmelding inklusiv rekneskapen for 2011. Mykje arbeid vart gjort i 2011, men det er også mange utfordringar som ventar i komande år. Hovudsaka no er ny liturgi.

Kari Synnøve Muri, soknerådsleiar i Olden, og medlem av Bispedømmerådet, heldt ei interessant og spanande andakt, der ho tok tak i ein plastpose med fylgjande tekst: ”Store ting kan skje når mange deler en felles visjon”. Ho sa m.a. at vi må utfordre kvarandre. Korleis er den gudstenesta vi vil ha? Ei gudsteneste kan ikkje målast etter ei rating-liste eller etter ei 10 på topp-liste i VG. Uansett, sa Kari Synnøve, deltaking i gudstenesta er veldig viktig!

Dåpsbarnet sjølv forstår ikkje så veldig mykje av dåpsseremonien. I nattverden trur vi på fellesskapet med Gud. Vi må ikkje gløyme at Gud er nær oss med si velsigning!

Kari Synnøve orienterte også litt om kva arbeidet i Bispedømerådet går ut på.

Det er også blitt tradisjon at Vikane Blandakor deltek på Kyrkjelydens årsmøte. Dei song flotte songar og hymner i lag med Wolczek på piano.

Konfirmantane var med og orienterte om skuletur til Polen. Dei presenterte opplegget frå dag til dag. I matpausen selde dei lodd til inntekt for turen. Dei fekk inn 2000 kroner, men kunne gjerne ha selt meir lodd om dei hadde hatt.

Dag Vanberg intervjua den nye kyrkjeverja, Borghild Skarelven. Ho vart godt motteken.

Konfirmantane 2012 © Geir-Ståle Vatnamo

Bilettekst: Konfirmantane, oppe f.v.: Amalie Skogstad, Jens Hage, Erik Amble Haugen, Simen Christoffer Rye Hestenes. F.v. nede: Beate Flatjord, Ingelinn Tvendeseter, Maria Fivelstad, Geir Arne Gjerde og Nicolai G. Bolseth

Tekst og foto: Geir-Ståle Vatnamo


(Sist oppdatert 22.mars 2012, 10:10)

Gå til nyhendearkiv