Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Basar og dugnad

Basar og dugnad på Innvik fjordhotell Misjonsheimen

Av Anna Marie S. Vatnamo

Som alle veit, kom ”Dagmar” som ein ubeden julegjest, og sette store spor etter seg på uteområdet til Innvik fjordhotell Misjonsheimen.

Mykje av oppryddinga må gjerast med maskin, og det blir gjort så snart entreprenøren har tid til å ta det. Men det er også ein del ”handarbeid”. Fleire i bygda har sagt at dei gjerne hjelper til på dugnad når dette skal ryddast opp. Vi set stor pris på om nokon vil hjelpe oss med dette. Mange har brukt badestranda og uteområdet flittig i dei åra som er gått sidan vi rusta opp ute.

Det er to måtar de kan hjelpe oss på, og begge deler skjer første helga etter påske. Då skal vi først ha basar fredag 13. april kl. 19.00. Laurdag 14. april har vi tenkt å ha dugnad frå kl. 10-16. (Etterpå er det generalforsamling for aksjonærane). Om du ikkje kan vere med heile dagen, så er det lov å kome om det så berre er eit par timar.

Det er arbeid for alle som vil, mest utearbeid. Ta gjerne med rive, spade, grafse og trillebåre. Mat skal vi halde.

Vi håpar å sjå mange av bydefolket anten på basaren og/eller dugnaden. Det er sjølvsagt også lov å kome innom berre for å kjøpe lodd i forkant om de ikkje kan vere med på basaren.

M.v.h.
Innvik Fjordhotell


(Sist oppdatert 25.mars 2012, 10:05)

Gå til nyhendearkiv