Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Kjempeinnsats av innvikarane på dugnad

Kjempeinnsats av innvikarane på dugnad ved Innvik fjordhotell Misjonsheimen

Av Anna Marie S. Vatnamo

Etter julestormen ”Dagmar” var det fleire i bygda som sa at dei ville hjelpe til på dugnad på Innvik fjordhotell Misjonsheimen, for å rydde opp igjen badeområdet etter stormen sine herjingar. Difor inviterte vi bygdafolket til dugnad sist laurdag.

Trass i snøen som hadde lagt seg om natta, møtte det opp over 25 vaksne til dugnad. I tillegg var også ein del born med, og deltok på sin måte. Dei blei både våte og skitne, og nokre måtte heimatt midtvegs for å byte kle. Ein fin flokk ungdomar ”under opplæring” frå Røde Kors var også med. Imponerande at dei møtte opp tidleg ein laurdag føremiddag.

Vaktmeister Per Arne Tøsse organiserte det heile, og klarte å finne fornuftig arbeid til alle. Dei raka, kosta, brende bål, kløyvde ved, demonterte treverket frå øydelagd bru, flytebryggje og platting, spada sand og grus og køyrde vekk søppel. Området vart skikkeleg fint, bortsett frå det som skal gjerast med maskin.

”Det skulle berre mangle, sidan vi brukar badestranda så mykje om sommaren”, var svaret eg fekk då eg takka dei for innsatsen. Dugnad er også sosialt, så ein kaffipause med lappar og sjokoladekake, og litt suppe til slutt, gjorde susen.

Foto Geir-Ståle Vatnamo
Demontering og vekkbæring av den øydelagde brua © Geir-Ståle Vatnamo Vedkløyving © Geir-Ståle Vatnamo Store og små i aktivitet med raking © Geir-Ståle Vatnamo
Planering © Geir-Ståle Vatnamo Stor dugnadsaktivitet © Geir-Ståle Vatnamo Eyvind Reme køyrde vekk rusk og rask. © Geir-Ståle Vatnamo

(Sist oppdatert 24.april 2012, 09:06)

Gå til nyhendearkiv