Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Pantelappen

Gje pantelappen til Heimlund

Av Harald Røyrvik

Handballgruppa gjev no Heimlund sjansen til å få inntekter frå greie pantarar.

Handballgruppa til Vikane IL har hatt ei postkasse ved panteautomaten på ICA, som pantarar kan gje lappen sin til. No har handballgruppa kome fram til at Heimlund treng store økonomiske tilskot for å få oppgradert huset, og gjev dei no denne anledninga.

Handballgruppa vil takke for dei pantarane som har gitt lappen til dei fram til no, og håpar dei også vil støtte Heimlund.

Styret i Heimlund synest dette var veldig generøst av Handballgruppa og lovar å gje kassa tilbake når oppgraderinga av huset til 100-årsjubeleumet er over.

(Sist oppdatert 21.april 2012, 18:13)

Gå til nyhendearkiv