Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Barnefotballkveld

Barnefotballkveld Vikane IL 2012

Av Geir Peder Ueland

Måndag 7. mai på Innvik Stadion klokka 17.00 skal vi ha ein ”impulskveld” for alle som har verv innan fotballen i Vikane.

Vi får besøk av ein instruktør frå fotballkretsen i sogn og fjordane, som vil bruke tid i lag med oss. Kvelden blir todelt med teori først , så 1,5 time med praksis i lag med gutar 12 år.

Etter møte ca klokka 20.00, tar vi ei kort samling i Vikane IL(ca 30 min) om praktiske gjeremål før sesongen startar. Tema er utstyr(fotballer, førstehjelp, drakter), merking av bane 2012, miniputturnering 2012, fair play, evt. anna.

Dei som bør stille opp er:
Trenerar, oppmenn, styret i fotballgruppa, foreldre som ønsker å vere aktiv i fotballen i Vikane.


Vennleg helsing

Geir P. Ueland
Vikane IL


(Sist oppdatert 02.mai 2012, 09:26)

Gå til nyhendearkiv