Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Flaggheising i sentrum

Ny flaggstang i sentrum

Av Harald Røyrvik

No har Bjørn Vagstad fått opp ny flaggstang i sentrum, så da er han klar for 17.mai.

I går (3/5) hadde Bjørn god hjelp av Larskarane med å få på plass ei 14m høg flaggstang til erstatning for den gamle.

Den gamle som var av tre, hadde stått i mange år men fekk nådestøtet under Dagmar.

Flaggstanga står ved hovudkrysset i Innvik og rykta skal ha det til at det knapt nok er gløymt ein flaggdag.

Herved kjem også ein takk til Bjørn for flagginga på vegne av heile bygda.




(Sist oppdatert 04.mai 2012, 22:12)

Gå til nyhendearkiv