Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Med hjarte for bygda

Med hjarte for bygda

Av Fjordingen

I 1912 vart Innvik sitt bygdehus Heimlund bygd. I år, 100 år seinare, er bygda fylt med engasjerte innvikarar som meiner Heimlund fortener eit realt ansiktsløft.

- Heimlund er det bygdehuset som har samla folk i alle år. Innaforelvarar og utaforelvarar har alle tilhøyrigheit i huset. I Innvik har det alltid vore mykje dugnad. No merkar eg at mange meiner det er Heimlund sin tur, seier Astrid Drageset Raftevold, klubbrådgjevar i Gaupa 4H.

- Det ungdomen er mest spent på, er vel korleis kjellaren kjem til å sjå ut, seier 15 år gamle Renate Lillevik Kjellevold, leiar i Gaupa 4H. Kjellaren skal bli pussa opp, og Renate gler seg til å bruke huset meir. Ho er sjølv med på oppussinga, saman med heile 4H-gruppa i Vikane.

Les heile saka i Fjordingen fredag 4. mai 2012, side 8.
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.



Les også tidlegare nyheitskriv Årsmøte i Heimlund og/eller Redningsaksjon for 100 år gamle Heimlund, her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 05.mai 2012, 23:06)

Gå til nyhendearkiv