Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Her kan det bli slutt på matlaging

Vil sentralisere matlaginga

Av NRK Sogn og Fjordane

Stryn kommune vurderer å sentralisere matlaginga til gamle og sjuke. Det kan bety mat som politikarane ikkje ville ha ete sjølv, meiner kritikarane.

Onsdag skal kommunestyret i Stryn ta stilling til om all mat til dei sjuke og eldre skal lagast i Stryn, for så å fraktast rundt i kommunen.

Inger Hoff i Vikane kvinne- og familielag seier dette vil bety at dei eldre og sjuke får mat som politikarane sjølve aldri ville ha ete kvar einaste dag.

– Når ein skal bestemme ei så viktig sak for den eldre og sjuke delen av befolkninga som er hjelpetrengande, så må ein tenkje på kva ein sjølv ville ha ete, seier Hoff til NRK.no.

Les heile saka på www.nrk.no/sf.

Ber politikarane snu

Av Fjordingen

To kvinneorganisasjonar i Innvik har skrive brev til politikarane i Stryn og oppmoda dei om å snu i saka om «Kok - kjøl»-løysing ved Stryn Omsorgssenter.

Sjølv om det er ope for at det framleis kan lagast mat ved den einskilde institusjonen, fryktar Innvik kvinne- og familielag og Innvik bygdekvinnelag at ei slik løysing vil føre til at dei eldre og sjuke får eit dårlegare mattilbod i framtida.

Les meir om saka på www.fjordingen.no eller heile saka i Fjordingen onsdag 9. mai 2012, side 5.
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.




(Sist oppdatert 09.mai 2012, 17:24)

Gå til nyhendearkiv