Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Dugnad Heimlund

Dugnad Heimlund - tysdag / torsdag

Av Harald Røyrvik

Heimlund treng dugnadshjelp og skal du få det kjekt der i framtida må du stille opp!


For tida foregår det mykje arbeid på toaletta og i gangane.

Det er dugnadskveldar kvar tysdag og torsdag frå kl.18.

Da eg var på besøk torsdag, pågjekk det sliping av golva på toaletta.

Det ein i første omgang treng mykje hjelp til, er måling og vasking,
men det er også mykje anna som skal gjerast.


Tysdag er planen at det skal gjerast ferdig på oppsida / utsida,
slik at det blir isolert og drenert vekk vatn frå muren.



Så ta på deg arbeidskle
og still opp i Heimlund
tysdag / torsdag!



Inne skal det målast tak og veggar og etter kvart skal golvet på plass.

Planen for toaletta ligg klar og nokon er allerede spurt om å delta.

Har du noko spesielt du vil delta med kan du kontakte bygningskomité
ved Marianne S. Drageset på tlf. 415 60 215.

Dersom du føler at du ikkje har så mykje å stille opp med
er du hjarteleg velkomen med ei kanne kaffi eller noko å bita i.


Ein stor takk til dei som har stilt på dugnad fram til no!


Les meir om engasjementet rundt Heimlund i nyheitskrivet Med hjarte for bygda, her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 10.mai 2012, 22:47)

Gå til nyhendearkiv