Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

17.mai i Innvik

17.mai feiring i Innvik - 2012

Av Harald Røyrvik

Her er nokre ord og bilder frå 17. mai i Innvik.

Vi fekk ein grå 17.mai-dag, men slapp unna regnet som var spådd.

Toget gjekk frå Heimlund til Vikane omsorgssenter der Vikane skulemusikk og ungane frå Innvik skule underheldt for bebuerane og oss andre. Ragnhild Vambeset ønskte velkomen ved omsorgssenteret og Oddhild Hilde haldt ei kort tale der ho var innom temaet mat til dei eldre.

Toget gjekk vidare til Innvik kyrkje der Inger Hoff hadde minnetale ved grava til dei falne under 2.verdenskrig. Så var det gudstjeneste med flott sang av Vikane blandakor.

Festen fortsatte oppe i Styrkhallen der ordførar Sven Flo var dagens talar. Det var sang av 1-4.klasse frå Innvik skule og dansegruppene til Vikane IL viste seg fram. Dag Vanberg fortalde om Innviksangen og Jon Vambeset framførte denne. Det var is, brus, pølser, kaffi og kaker å få kjøpt og praten gjekk lett rundt borda. Det var quiz, spikring, kaste-aktivitetar og springing, og ungane vann søtsaker.

Trekninga på 17.mai programmet:
- 136 vant gavekort på Viking Camping
- 174 vant gavekort på Innvik Fjordhotell
Kontakt Barbro Hammer dersom du er den heldige vinnaren.

Foto: Harald Røyrvik
Innvik 17.mai 2012 - Bilde01 © Harald Røyrvik Innvik 17.mai 2012 - Bilde02 © Harald Røyrvik Innvik 17.mai 2012 - Bilde03 © Harald Røyrvik Innvik 17.mai 2012 - Bilde04 © Harald Røyrvik
Innvik 17.mai 2012 - Bilde05 © Harald Røyrvik Innvik 17.mai 2012 - Bilde06 © Harald Røyrvik Innvik 17.mai 2012 - Bilde07 © Harald Røyrvik Innvik 17.mai 2012 - Bilde08 © Harald Røyrvik
Innvik 17.mai 2012 - Bilde09 © Harald Røyrvik Innvik 17.mai 2012 - Bilde10 © Harald Røyrvik Innvik 17.mai 2012 - Bilde11 © Harald Røyrvik Innvik 17.mai 2012 - Bilde12 © Harald Røyrvik

Foto: Arnt Bøe
Innvik 17.mai 2012 - Bilde13 © Arnt Bøe Innvik 17.mai 2012 - Bilde14 © Arnt Bøe Innvik 17.mai 2012 - Bilde15 © Arnt Bøe Innvik 17.mai 2012 - Bilde16 © Arnt Bøe
Innvik 17.mai 2012 - Bilde17 © Arnt Bøe


(Sist oppdatert 20.mai 2012, 23:22)

Gå til nyhendearkiv