Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Fargerikt i gammal fabrikk

Abstrakte former og varme fargar

Av Fjordingen

Abstrakte, geometriske former, varme fargar og mytologisk symbolikk pregar bileta som utgjer utstillinga "You look and you see it not" i Gamle Innvik Ullvarefabrikk.

Biletkunstnaren Eli Hørven Fjellkårstad er fødd i Oslo, oppvaksen i Ski og flytta i fjor til Stryn. Bileta hennar har tidlegare vore å sjå i Galleri MYR, som ho driv saman med ektemannen Jan. I sommar kan du sjå 18 av arbeida hennar i Galleri Plysen i Gamle Innvik Ullvarefabrikk.

Les meir om saka på www.fjordingen.no eller heile saka i Fjordingen fredag 8. juni 2012, side 6.
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.



Kunstutstillinga får du med deg på laurdag 13-16 eller søndag 13-17 i Gamle Innvik Ullvarefabrikk ut juli, sjå arrangementet i kallendaren på Vikanenett.


(Sist oppdatert 08.juni 2012, 13:18)

Gå til nyhendearkiv