Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Postvegløpet

God deltaking i Postvegløpet 2012

Skiskyttaren Johannes Thingnes Bø vann Postvegløpet 6. juni. På dei neste plassane fylgde Helge Kvam Karbø, Helge Hafsås og Audun Skogen.

Heile 107 løparar, 44 i konkurranseklassen og 63 trimmar, fullførte det 6 km lange løpet i Markane.

Fjordingen skriv at det var imponerande at sju år gamle Isak Heggdal Skogen sprang dei seks kilometera på 31,07 min.

Isak har saman med tre søsken og foreldra budd på Gran Canaria i vinter. Dei kom heim til Innvik i april og reiser ned att til hausten når mamma Lena tek til i fast lærarstilling på den norske skule i Arguinegin.

- Der er det kjempefint for trening og vi får vere med på mange konkurransar, seier pappa Audun Skogen som sjølv kom i mål til fjerde beste tid (23,32).

Les meir om Postvegløpet på heimesida til Markane IL eller i Fjordingen fredag 8. juni 2012, side 12.
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.



(Sist oppdatert 11.juni 2012, 10:13)

Gå til nyhendearkiv