Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Kveldstankar med musikk

Kveldstankar med musikk i Innvik kyrkje

Av Ragnhild Johanne Vambeset

Etter initiativ frå Innvik bygdeutvikling, skipa Innvik sokneråd til to
slike arrangement sist sommar. Det gav gode tilbakemeldingar, så vi
prøver i år igjen.

Torsdag 21. juni kl 20 vert den første kveldstankar med musikk. Det
er Vikane blandakor, Inger Hoff og organisten vår som har ansvar for
innhaldet. Set deg ned og lytt til ord og tonar i Innvik Kyrkje denne
kvelden. Alle er velkomne.

Innvik sokneråd


(Sist oppdatert 16.juni 2012, 01:20)

Gå til nyhendearkiv