Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Lagar stoff til FN-møblar

Møbelstoff til New York

Av Fjordingen

Innvik Sellgren fekk i førre veke ein ordre om å levere 700 meter med møbelstoff til FN sitt hovudkvarter i New Yourk.

Det er Ulla Faartoft, den eine av to designarar i Innvik som har utvikla og jobba fram produktet for den hollandske distributøren av møbeltekstilar, Artex.

Innvik Sellgren A/S har også eit anna stort prosjekt på gong. Det gjeld leveranse av mange tusen meter ullstoff til DNB sitt nye hovudbygg i Bjørvika i Oslo.

Blir samlokalisert i Innvik

Av Fjordingen

Dagleg leiar i Innvik Sellgren A/S, Bjørn Aage Haugen opplyser at verksemda om få månader blir fullstendig samlokalisert i Innvik.

Verksemda har i dag fire tilsette i etterbehandlingsavdelinga i Tingvoll. Denne blir avvikla. I Innvik skal det investerast for omlag 3 millionar kroner i nytt fargeri.


Les meir om desse sakene på www.fjordingen.no eller heile saka i Fjordingen mandag 9. juli 2012.
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.



(Sist oppdatert 11.juli 2012, 12:03)

Gå til nyhendearkiv