Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Sommardag i Liatunet

Sommardag i Liatunet - søndag 26. august

Av Dag Vanberg

Minner om sommardag i Liatunet søndag 26. aug. frå kl. 1200 - 1700.

Det vert diska opp med kaffi og sveler, rømegraut og spekjemat - og,
sjølvsagt, framifrå rømekolle. Det vert og høve til å kjøpe brød -
steikte i den nye bakaromnen i eldhuset. I år kan du oppleve
spennande tjærebrenning.

Petter Eide syter for god stemning og underhaldning.



(Sist oppdatert 25.august 2012, 11:01)

Gå til nyhendearkiv