Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Smakte godt i Liatunet

160 personar var innom Liatunet søndag

Av Fjordingen

Trass i tunge trugande skyer vart det opplett heile dagen på Liatunet i Innvik sist søndag. Innimellom skimta ein mykje blå himmel. Det gjorde dagen svært triveleg for born og vaksne, og mykje godt var å smake.

Om lag 160 personar var innom Liatunet denne tradisjonsrike dagen. Så godt som heile kommunen var representert, og tilreisande langvegs frå. Noko av det første ein støytte på, var den tidlegare annonserte tjærebrenninga.

Sommardagen i Liatunet vart også ei god matøkt. Ein kunne få smake nysteikte brød, kanelsnurrar og glohopper frå den nye bakaromnen i eldhuset. Over 250 bollar, 40 brød og bortimot 200 glohopper vart selde. Neste år må ein bake dobbelt så mykje, ikkje alle fekk. Det same gjaldt på stabburet. Ikkje alle fekk kjøpe flatbrødleivar som berre kosta kr 10 pr stk.

Les heile saka i Fjordingen onsdag 29. august 2012, side 15.
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.



Foto Harald Røyrvik

Liatunet sommaren 2012 bilde 01 © Harald Røyrvik Liatunet sommaren 2012 bilde 02 © Harald Røyrvik
Liatunet sommaren 2012 bilde 03 © Harald Røyrvik Liatunet sommaren 2012 bilde 04 © Harald Røyrvik
Liatunet sommaren 2012 bilde 05 © Harald Røyrvik Liatunet sommaren 2012 bilde 06 © Harald Røyrvik
Liatunet sommaren 2012 bilde 07 © Harald Røyrvik Liatunet sommaren 2012 bilde 08 © Harald Røyrvik
Liatunet sommaren 2012 bilde 09 © Harald Røyrvik Liatunet sommaren 2012 bilde 10 © Harald Røyrvik

(Sist oppdatert 30.august 2012, 10:00)

Gå til nyhendearkiv