Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Heimlund utan skifertak

Alle skiferhellene er no tatt av taket på Heimlund

Av Harald Røyrvik

Dei to siste helgane vart det to store dugnadar i Heimlund for å få skiferhellene ned frå taket.

Det stilte på rundt tjue mann begge laurdagane og no er all steinen kome
på pallar, klar for henting av kjøparen.

Så svetten rann

Svein Kvame, styreleiar for Heimlund, er godt fornøgd med den flotte
innsatsen og skryt hemningslaust over dugnadsgjengen. Sjølv om det
regna litt, jobba folk på så svetten rann og utan å klage. Sikkerheita var
sjølvsagt i høgsetet, men det hindra ikkje ein effektiv og god framdrift. Utan
timesbetaling og nesten utan pausar, men med smil å sjå på heile gjengen.

Når det først vart pause, hadde Bygdekvinnene og Husmorlaget på kvar si
helg diska opp med både middag og kaffimat. Og hadde ikkje karane smilt
før, så gjorde dei det enda meir da maten vart fortært og tralten gjekk lystig.

Svein ønskjer, på vegne av Heimlund, å takke alle som bidrog desse to
helgane for den flotte innsatsen.

Nytt tak

Utvik Bygg har tatt på seg jobben med å legge nytt tak. Dei er i full gang
med å få huset tett og vil seinare legge permanent tak med sluser,
takrenner, nedløp og alt som høyrer med.

For å få gjort denne jobben, må Heimlund ta opp eit lån på kr. 500.000, som
dei har bedt kommunen om å stå som garantist for.

Utkantmarknadfest

Under Utkantmarknaden har Heimlund tenkt å arrangere ein fest, laurdag
24. november, med dans og hygge. Helse- og sosialutvalet hansamar i dag
skjenkeløyvet som vi reknar med går greit å få. Sett av dagen og still opp til
hygge og moro i huset til bygda som snart er 100 år.

100års-markeringa vil forøvrig bli feira på 3.juledag.

Styret har satt ned komitear til begge desse arrangementa og vi håpar
huset då skal framstå nyoppussa med flott tak.

Treng støtte

Heimlund treng all den støtta den kan få. Du kan fortsatt gi ein eingangs-
stønad eller støtte gjennom å bli Heimlund`s ven. Skjema for dette finn du
bakerst i Innvikja nr.51 og utfylt ark kan leverast til ein i styret.

Pantelappen

Heimlund har også fått inn fleire tusen kroner frå dei som legg pantelappen
i postkassa ved sidan av panteautomaten på ICA i Innvik. Takk til alle dykk
som bidreg på denne måten og til deg som ikkje har prøvd det, så er det
frykteleg enkelt!


Les også Innvikja nr.51, her på Vikanenett.


Bilda er tatt av Harald Røyrvik under den andre dugnadshelga.




(Sist oppdatert 18.september 2012, 23:25)

Gå til nyhendearkiv