Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Dekkjer kostnader

Av Fjordingen

Oppgradering av uteområda ved Innvik skule og barnehage vart gjennomført ved spelemidlar og ein stor dugnadsinnsats i 2010.

- Det er positivt at arbeidet er utført med stor eigeninnsats frå Audun Skogen både økonomisk og i form av dugnadsarbeid. Bygedfolket har i tillegg utført ein dugnadsinnsats som tilsvarer 391.000 kroner, skriv administrasjonen i vurderinga si.

For å avslutte prosjektet vil Stryn kommune dekkje kostnadane på 515.000 kroner. Midlane blir dekka av kapitalfondet, vedtok skule- og kulturutvalet.

Dette sto i Fjordingen mandag 24. september 2012, side 15.
Følg med i Fjordingen du også ved å tinge abonnement på www.fjordingen.no.



Du kan lese alt om denne saka ved å gå til sakspapira på www.stryn.kommune.no.


(Sist oppdatert 25.september 2012, 20:55)

Gå til nyhendearkiv