Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Vikane skule

Vil ha namnet Vikane skule

Av Fjordingen

Samarbeidsutvalet i Vikane ber Stryn kommune endre namnet på Innvik skule.

- Skulekretsen omfattar i dag heile Vikane og ikkje berre Innvik. Vikane er nytta både i høve idrettslag, skulemusikk og kor, og det er no naturleg at dette namnaet vert brukt på skulen, meiner samarbeidsutvalet.

Det var elevrådet som i mars 2012 fremja forslaget om å endre namnet til Vikane skule. Foreldreutvalet og personalet ved Innvik barnehage, Utvik barnehage og Innvik skule støttar framlegget.

Saka går no til skule- og kulturutvalet.

Dette sto i Fjordingen mandag 5. oktober 2012, side 7.
Følg med i Fjordingen du også ved å tinge abonnement på www.fjordingen.no.



Du kan lese alt om denne saka ved å gå til sakspapira på www.stryn.kommune.no.


(Sist oppdatert 08.oktober 2012, 10:13)

Gå til nyhendearkiv