Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Bilder og film frå Innvik

Har du gamle bilder eller film frå Innvik?

Av Harald Røyrvik

Steinar Hilde ved Filmdigitalisering har stor interesse for film og bilder frå Innvik og ønskjer å samle inn dette på vegne av bygda. I samband med 100 års-jubileumet for Heimlund, 3 juledag 2012, blir det ei bildeframsyning med historia til Innvik dei siste 100 åra, fortalt av Dag Vanberg.

Det er generelt ønske om bilder og film frå ulike tilstelningar som 17.mai, jonsokfeiringar, sportstilstelningar, frå fabrikkane eller butikkane, Langvin jordbruksskule eller enkelt og greit frå dagleglivet i Innvik. For å kunne få ferdig en presentasjon i god tid til 100 års festen haster det å få inn mest mulig bilder.

Bilder

Bilder som blir levert inn vil bli tatt vare på og scanna før dei blir levert tilbake til eigaren. Har du anledning til å scanne sjølv er det til stor fordel for framdrifta.

Arbeidet er allereie begynt og for deg som er facebook-brukar kan du gå til gruppa Innvik i bilder for å sjå og laste opp bilder.

Film

Steinar har med firmaet sitt Filmdigitalisering AS i Innvik spesialisert seg på å digitalisere alle typar film-format.

Han ønskjer å samle inn nok film frå Innvik, til ein 60 minutt historisk dokumentarfilm. Planen er å sette opp ei framsyning i Heimlund, når denne er ferdig.

Filmen skal etter planen bli ein time lang, og gå så langt tilbake i tid som mulig, og fram til starten på 2000 talet. Til dette treng ein mykje film og klippe frå, for å kunne få med mest mulig historie. Det er til denne tid samla inn noko film, men han meinar her må ligge meir film rundt omkring, og håpar på hjelp med inn-samlinga.

Han oppfordrar sterkt utflytta Innvikarar til å sjekke rundt i skuffer og skåp, etter film eller bilder frå heim-bygda.

NB! Om Utvikarane har historisk film frå Utvik, er det mulig å levere inn film til eit prosjekt for Utvik og!

Om du kan bidra med noko til dette prosjektet, kontakt Steinar Hilde, 900 51 260.

FILMDIGITALISERING BIL 052 © Steinar Hilde FILMDIGITALISERING BIL 085 © Steinar Hilde FILMDIGITALISERING BIL 106 © Steinar Hilde

Les meir om Filmdigitalisering og Steinar Hilde i nyheitskrivet Digitaliserer fortida, her på Vikanenett.



(Sist oppdatert 17.oktober 2012, 10:06)

Gå til nyhendearkiv