Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Brann i Innvik

Brannen på Sandbakken i Innvik

Av Stryn Historielag (Årbok 2012)

Hausten 1875 fata det eld i skulehuset på Sandbakken i Innvik.

I 1925 skreiv Elling Reme ain artikkelserie i Fjordabladet om den dramatiske hendinga. Elling var frå garden Reme i Innvik og utdanna lærar. Han var ein habil lyrikar, og tevlinga om beste nordfjordsongen, var det Elling sin song som vart kåra til vinnar. Artikkelen gjev eit forvitneleg bilde av både skule og innvikarane, skriv Dag Vanberg i innledninga.

.. So vart me, som sat lengst bak i stova var, at nokre gutar paa fyrste benken sat og snakka seg imillom og meinstirde bakover. So peika den eine av dei, han Morskog-Anders, mot koveveggen. Me vende oss daa alle saman og saag, at ein tjukk røykbundt trengde seg inn i stova, der omnrøyri gjekk inn paa kovelemen. Klokkaren, som hadde vore uppteken med noko for seg sjølv, anten lesing eller skriving, merka uro, og daa han saag røyken, gjekk han utan upphald ut, men kom i same augneblink tilbake. Og meldingi var kort og grei: "Pakk paa dør alle saman!" ..

Les heile historia til Elling Reme om brannen på Sandbakken i Årboka 2012 til Stryn Historielag, som mellom anna kan kjøpast ved Cafe Go`beten.

Om du er intressert i lokalhistorie frå Stryn kommune, så er boka nettopp ei bok for deg. Boka følgjer ikkje noko spesielt tema og innheld 25 historiar over 175 sider.


Ny og større historisk årbok

Av Fjordingen

Stryn Historielag si årbok har fått ny utforming og større format.

Årboka for 2012 innheld totalt 25 artiklar som spenner over eit vidt spekter av tema. Boka har i tilleg til fotografi og dokumentariske illustrasjonar, også ei rekkje flotte fargeillustrasjonar.

Les heile saka i Fjordingen fredag 26. oktober 2012, side 2.
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.



(Sist oppdatert 26.oktober 2012, 13:13)

Gå til nyhendearkiv