Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Auka trivsel i Innvik

Av Fjordingen

Ombyggingsprosjektet på Vikane omsorgssenter har skapt auka trivsel for bebuarar og tilsette. Snart får også Jakob Kvamme (92) æra av å klippe snora som markerer at den etterlengta rullestolrampen er på plass.

- Eit stort løft for Vikane

Brukarar og tilsette på Vikane omsorgssenter gler seg over ombygginga som har gjeve seks enkeltrom av høg standard, ny fasade og lett tilgjengeleg terrasse.

Vikane omsorgssenter har totalt 38 plassar. I tilegg tek dei inn to på såkalla overbelegg.

- Vi slit framleis med at her er ein del dobbeltrom. Denne problematikken blir ikkje løyst før Stryn omsorgs-senter vert utbygd. Sjølv om vi då misser nokre plassar for å få høgre standard, trur eg at vi skal klare å handtere behovet for pleie- og omsorg i Vikane, seier Oddhild Hilde.

Fekk ønskjet sitt oppfylt

For to år sidan bad Jakob Kvamme om at det vart gjort noko med inngangspartiet på Vikane omsorgssenter. No er det berre rekkverket som manglar før ønskjet er innfridd.

- Trivselsauke på heile institusjonen

Helse- og sosialsjef Berit Wetlesen er glad for at politikarane løyvde dei nødvendige midlane til opprusting av Vikane omsorgssenter.

- Ombyggingsprosjektet som kosta ca 7 millionar kroner, har ført til trivselsauke på heile institusjonen, hevdar Berit Wetlesen.


Les heile saka i Fjordingen fredag 19. oktober 2012, side 6 og 7.
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.



Les også fjorårets nyheitskriv Eit godt løft for Innvik alders- og sjukeheim, her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 19.oktober 2012, 19:33)

Gå til nyhendearkiv