Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Doktorgrad om brystkreft

Doktorgrad om brystkreft og ventetid

Av Fjordingen

Korleis opplever brystkreftråka kvinner ventefasene før dei får diagnose og før dei får operasjon? Kva har denne tida å seie for deira psykiske helse og tilpassing seinare? Sigrunn Drageset frå Innvik har forska på dette, og disputerte nyleg for doktorgrad om temaet.

Ei av ti kvinner får brystkreft. Mange må vente på diagnose eller operasjon.

- Korleis dei kreftråka kvinnene opplever og meistrar denne venteperioden har betydning for seinare tilpassing og physiske helse. Difor er det viktig å ha kunnskap om dette, slik at ein kan gje betre informason, behandling og oppfølging, seier Sigrunn Drageset.

Helsepersonell er viktig

Helsepersonell vart av dei som var med i Sigrunn Drageset si undersøking sett på som ei viktig kjelde til sosial støtte.

- Dette gjeld til dømes å ha ein sjukepleiar eller lege å snakke fornuftig med, seier Drageset.

Glade for forsking

- Vi er kjempeglade for at det vert forska på denne første fasen for brystkreftpasientar. Dette er etter ein tung periode å gå igjennom, seier Trude Berge Vereide, leiar for Brystkreftforeininga i Nordfjord.


Les meir om saka på www.fjordingen.no eller heile saka i avisa fredag 19. oktober 2012, side 4 og 5.
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.



Les også kva Universitetet i Bergen skriv om Sigrunn Drageset si nye doktorgrad Mestring av brystkreftwww.uib.no.


(Sist oppdatert 20.oktober 2012, 09:48)

Gå til nyhendearkiv