Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Morskogen

Morskogen - endring av tilkomstveg til Gamle Innvik Ullvarefabrikk/Industriområdet

Av Harald Røyrvik

Skogstad Sport har i dag 2 haller på industriområdet der det er daglig aktivitet. Skogstad Sport er avhengige av god veg grunna det er mykje tunge køyretøy som har varelevering.
Det har blitt etablert vann, avløp og straum til dette området og øvre del av vegen er snart ferdig etablert.

Vegen frå Rv 60 og ca 125 meter oppover pluss asfaltering gjenstår for at dette prosjektet skal bli ferdig.

Stryn formannskap vedtok sist torsdag å gje tilleggsløyving på kr.144.308,- for å få avslutta prosjektet.

Du kan sette deg meir inn i saksomfanget på www.stryn.kommune.no.



Betalte 962.000 kroner for gamle miljøsynder

Av Fjordingen

I samband med bygging av ny veg til industriområdet Morskogen i Innvik, vart det oppdaga ein gamal søppelplass. Fjerning av avfallet kosta Stryn kommune 962.000 kroner.

Søppelsaka i Innvik skriv seg attende til 2009, då Stryn kommune starta bygging av veg bak Gamle Innvik Ullvarefabrikk.

Då Stryn formannskap sist torsdag fatta vedtak om å gje nødvendig tilleggsløyving på 144.308 kroner for å få avslutta prosjektet, kom det fram at oppgraving og levering til godkjent deponi hadde kosta 962.000 kroner.

Les saka på www.fjordingen.no.


(Sist oppdatert 24.oktober 2012, 22:46)

Gå til nyhendearkiv