Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Soknerådsbasar

Soknerådsbasar i Heimlund

Av Ragnhild Johanne Vambeset

Søndag 4.november kl 15 arrangerer soknerådet basar i Heimlund.
Inntekta går til arbeidet i kyrkjelyden.

For å nemne noko av det vi treng pengar til:
Soknerådet deler kvart år ut lys og tørkeduk til dei som vert døypte,
bilete m/bøn til 2 åringane, sprelle-engel m/bøn til 3.åringane og
bøker til 4-, 6- og 11-åringane.
Det trengst også pengar til ting vi ønskjer å få gjort, men ikkje får
løyving til, som benkar og meir plantar på kyrkjegarden.

Ta med kontantar, godt humør (og gjerne åregevinst) og kom!
Vi serverar kaffi og kaker – og det vert og litt underhaldning i
kaffipausen.

Alle velkomne!


(Sist oppdatert 27.oktober 2012, 23:18)

Gå til nyhendearkiv