Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Heimlund

Ekstraordinært årsmøte i Heimlund

Av Harald Røyrvik

Torsdag avholdt Heimlund ekstraordinært årsmøte med låneopptak på sakslista.

Det var ikkje den store mengda som hadde tatt turen til Heimlund. Trulig var bygdefolket innstilt på at dette var ein formalitet og haldt seg heime.

Dei som stilte gav i alle fall styret fullmakt til å ta opp låneopptak på kr.500.000 som skal gå til nyetaket på Heimlund.

Kommunestyret stiller simpel garanti for låneopptaket med utgangspunkt i nedbetalingstid på 10 år og med ei rente p.t. 4,5 prosent p.a. Under møtet vart det kommentert at renta var høg, men at dette var vanlig lånerente for denne typen garanti.

Jobben med å legge nytt tak er forøvrig gjort, men det står att å betale Utvik Bygg for jobben (kr.500.000).
Forøvrig vart gamletaket/skiferen tatt ned på dugnad og den er solgt med grei fortjeneste.

Forutan nytt tak på Heimlund, er det kome ny hovudinngang, toalettromma er heilt fornya og gangpartia er pussa opp. Det siste som er utført på dugnad er skifte av tak innvendig over gamlesena, da dette taket var prega av vannlekasje. Her er det kome nye takplater med flotte spottar oppi.

Gaupa 4H har planar om å pusse opp salen nede og er i søknadsfasen for å få midlar til dette.

Laurdag under Utkantsmarknaden vil det bli dans og hygge i Heimlund. Det er gitt skjenkeløyve frå kl.20 til 02 og ein satsar på betaling med bongsystem. Tidleg på kvelden vil det bli vist bilder frå Innvik og seinare på kvelden vil Anders Magne Vik stå for musikken.

3. juledag blir det 100 årsjubileum for Heimlund og dei som ønskjer å delta på dette må melde seg på listene som er utlagt på Matkroken og Cafe Go`beten. Frist for påmelding er 15. desember og det er satt tak på antall deltakarar.





50.000 kroner til ungdomshuset i Innvik

Av Fjordingen

Tre ulike tiltak i Stryn og Hornindal har fått støtte frå Sparebankstiftinga.

Ungdomshuset Heimlund er i full gang med renovering, og får 50.000 kroner til nytt tak.

Les heile saka i Fjordingen 9. november 2012, side 8.
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.



(Sist oppdatert 13.november 2012, 13:10)

Gå til nyhendearkiv