Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Julekonsert med Vikane blandakor

Av Fjordingen

Kommande onsdag har Vikane blandakor gleda av å invitere til stemningsfull julekonsert i Innvik kyrkje.

Koret kan i år by på eit variert program. I tillegg til kjende og kjære julesongar, presenterer dei noko nytt med ein litt annan vri. Med på laget i år er Kjetil Rasmussen, Mette Carlsen og Marte Barnung.

- Vi håpar mange tek turen til Innvik kyrkje denne kvelden, og vi ønskjer alle hjarteleg velkomne til ein stemningsfull konsert, skriv Kristin Lyslo Søndenå i Vikane blandakor.

Dette sto å lesa i Fjordingen mandag 3. desember 2012, side 16.
Abonnement på Fjordingen kan du bestille ved å gå til www.fjordingen.no.



Sjå også plakaten i kallendaren her på Vikanednett.


(Sist oppdatert 03.desember 2012, 21:35)

Gå til nyhendearkiv