Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Vikane Tannlegekontor

Vikane Tannlegekontor er igjen i full drift

Av Arnt Bøe

Vikane Tannlegekontor er igjen i full drift. Den nye tannlegen Sashka Okovska kom til Innvik i forrige veke saman med mann og sonen som er 5 år.

Sashka er 43 år og kjem frå Bulgaria der ho har jobba som tannlege i 17 år. Ho er no i full gang med å ta imot pasientar ved tannlegekontoret, og dermed er kontoret i drift igjen etter fleire månader opphald.

Dei som har fått utsett sin årlege tann-sjekk vil få innkalling etter kvart.
Ingvild tar også imot timebestilling på tlf. 57872480.

Tannlege Sashka Okovska © Arnt Bøe


(Sist oppdatert 04.februar 2013, 20:35)

Gå til nyhendearkiv