Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Påskekonsert i Innvik kyrkje

FØRDE KAMMERKOR i Innvik Kyrkje

Av Ragnhild Johanne Vambeset

Soknerådet i Innvik har igjen invitert Førde Kammerkor til å halde påskekonsert i Innvik kyrkje.

Førde kammerkor var i oktober 2012 i England og hadde konsert i Ely katedralen og i St. Bartholomews kyrkja i Otford. Konsertprogrammet for denne turen var norsk kyrkjemusikk. Koret framførte musikk av Svein Møller, Arild Sandvold, Egil Hovland, Kjell Mørk Karlsen, Bjarne Sløgedal, Edvard Grieg og Ludvig Nielsen. Programmet vart godt motteke av det engelske publikum.

Dei som tek turen til Innvik kyrkje onsdag 27.mars, vil få gleda av å høyre kammerkoret framføre delar av dette programmet i tillegg til musikk av dei engelske komponistane Andrew L. Weber og John Rutter. Konserten vil bli ramma inn med dikt av Sunnmørslyrikaren Arnold Eidslott.

Alle er velkomne til å høyre dei Innvik kyrkje.

-Innvik sokneråd-




(Sist oppdatert 23.mars 2013, 08:45)

Gå til nyhendearkiv