Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Heimlund

Bygdekvinnene stiller opp igjen!

Av Harald Røyrvik

Fredag 22. mars holdt Heimlund årsmøte og Svein Kvame tok gjenvalg som leiar. Josten B. Hilde, som har vore i styret ein mannsalder, gjekk ut og inn kom Ingfrid Reme for Innvik Bygdekvinnelag.

Innvik Bygdekvinnelag stiller også opp og arrangerer GRAUTABASAR i Heimlund no søndag (7/4).

Heimlund har også ein representant frå Innvik Bygdeutvikling (IBU) og ein frå 4H. For IBU går Harald Røyrvik ut av styret og inn kjem Marianne Skåden Drageset. For 4H går Renate Kjellevold ut og inn kjem Ingeborg Raftevold.

38 saker har vore handsama i styret til Heimlund og dei fleste sakene dreia seg om restaurering av Heimlund. På forrige årsmøte vart det satt opp ei prioriteringsliste for vedlikhald der inngangsparti, toalett og nytt tak vart sett høgast på prioriteringslista. Alt dette og meir til er utført og standarden på huset er heva vesentleg.

I 2012 er det brukt kr.730.000 på restaureringa av Heimlund. Delar av dette er lånefinansiert i Sparebanken pålydande kr.500.000, med kommunal garanti. Resterande og meir til er midlar som er kome inn i form av gåver til Heimlund, stort sett frå bygdefolket.

Bygdekvinnelaget arrangerte Grautabasar i Heimlund i mars 2012. Overskotet av basaren var på kr.50.327 og vart gjeve til Heimlund. Bygdekvinnene vil no arrangere Grautabasar på nytt og det er berre å stille opp i Heimlund søndag kl.15.

Les meir om arrangementet Grautabasar 22/4 kl.13 i Heimlund,
eller les heile Årsmeldinga for Heimlund 2012, her på Vikanenett.



(Sist oppdatert 05.april 2013, 18:36)

Gå til nyhendearkiv