Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Vil berge kaia i Innvik

- Hastar å få berga kaia i Innvik

Av Fjordingen

Gyda Bænnes og Egil Loftesnes har engasjert Utvik Maskin til å reparere kaia i Innvik. Spørsmålet som blir drøfta på eit møte i dag (11/4), er om deler av ekspedisjonsbygget kan løftast vekk før arbeidet startar opp.

- Dette har blitt ei hastesak. Under kaia er det eit 2,5 meter stort hol som gjer at utrasing kan skje når som helst.

Teknisk utval gav på møtet 13. februar klarsignal til å rive ekspedisjonsbygget. Det er nødvendig for å kome til med reprasjon av kaia. Utvik Maskin skulle etter planen starte opp, men arbeidet vart utsett i påvente av at fortidsminneforeninga og fylkesarkivaren ønskjer å gjennomføre ei synfaring torsdag 11. april. Ein vil då få vite om det er mulig å ta vare på grindkonstruksjonen med tanke på gjenreising av ekspedisjonsbygget.

På sikt er ønskjet å få reist eit tilnærma identisk bygg på kaiområdet. No er det først og fremst snakk om å berge kaia frå utrasing, understrekar Egil Loftesnes.

Les heile saka i Fjordingen onsdag 10. april 2013, side 4 og 5.
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.


Foto Harald Røyrvik



Du kan sette deg meir inn i saka ved å lese sakspapira på www.stryn.kommune.no.

Les også tidlegare nyheitskriv Sperrar av kai i Innvik, her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 11.april 2013, 22:24)

Gå til nyhendearkiv