Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Drøftingsmøte om kaihuset

Av Fjordingen

Sist torsdag samlast ei interessegruppe på kaien for å drøfte framtida for kaihuset i Innvik.

Representantar frå fylkesarkivaren var også til stades. Unni Guddal og Anne Karin Eriksen representerte Gamle Innvik Ullvarefabrikk.
Etter synfaring på kaien og i kaihuset, samlast alle på Innvik fjordhotell til drøftingsmøte.

Anne Karin Eriksen synst det er forferdeleg å rive huset. Frå først av var det fabrikkeigar Skåden som fekk bygt kaien med kaihuset. Kaien skulle vere mottaksplass for ulla som kom med båt frå bygdene. - Vi er villige til å overta kaia, men på visse premisser, avslutta Eriksen.

Drøftingsmøtet vart ein spennande debatt med mykje synsing om mangt. Men det viktigaste vart nesten gløymt.
- Kaihuset har ein suveren eigar som i realiteten har lov til å gjere det han vil med eigedomen sin. Teknisk utval har for lengst gitt klarsignal om riving av ekspedisjonsbygget.

Les heile saka i Fjordingen onsdag 17. april 2013, side 9.
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.



Les også tidlegare nyheitskriv - Hastar å få berga kaia i Innvik, her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 17.april 2013, 18:06)

Gå til nyhendearkiv