Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Vart heidra for nynorsk-bruken

Nynorsksatsing gav næringslivspris

Av NRK Sogn og Fjordane

Skogstad Sport AS fekk i dag nynorsk næringslivspris for 2013. – Når du ser kven som har vunne prisen før oss, så er vi i eit veldig godt selskap, seier sals- og marknadssjef Knut Roger Nesdal.

Utdelinga skjedde under Noregs Mållag sitt landsmøte i Ørsta. Prisen vart første gong delt ut til Lerum i 2006, og går til ei verksemd som har markert seg med nynorskbruk.

Tidlegare har også Ægir bryggeri, Kari Traa og Hotel Alexandra vunne prisen. Det var juryleiar Sveinung Rotevatn som stod for overrekkinga laurdag.

– Dette er ei stadfesting på at vi har gjort ting rett. Vi har fått markert at vi ynskjer å vise vår identitet mykje tydelegare enn tidlegare; å byggje historia og det unike ved Skogstad inn i merkevaren, seier sals- og marknadssjef Knut Roger Nesdal.

Les heile saka på www,nrk.no/sf,


(Sist oppdatert 20.april 2013, 19:13)

Gå til nyhendearkiv