Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Grautabasar 2013

Grautabasar i Heimlund - 2013

Av Ingvild Johansen

Årets grautabasar blei arangert av Bygdekvinnelaget og styre i Heimlund, den 7. apri.
Her finn du bilder og meir om dette ved å trykke på ..

Vi var spente på om det ville kome noko folk, for det var mange tilstelningar i bygda, men det gjorde det ca 150 små og store dukka opp.
Vi starta med åresalg, før det blei servert rømmegraut og spekemat, og tradisjonen tru sang vi Tyttebære opp på tuva, med Olav Ø og Per Ove som forsangarar.
Etter maten delt Svein Kvame ut blomster til Jostein B Hilde som har passa på og styrt Heimlund i årevis og Marianne Skåden Drageset som har leia oppusinga og bygginga.

Komiten vil takke alle som har sponsa oss med spekemat, tilbehør til grauten, likeeins vil vi takke alle som har gjeve flotte gevinstar på loddbøkene, og ikkje minst store fine åregevinstar.
Vi må berre beklage at vi ikkje hadde årar nok til alle, men like vel sit vi at med ein netto på 62910,-
Vil takke alle som kom og laga god gammaldage basar stemning.
Ei stor takk til alle som har hjelpt til, med å sitte på butikken og selge lodd, å i Heimlund på lørdag og søndag, ein fantastisk gjeng.


Foto Cecilia Lyslo

Grautabasar 2013 © Cecilia Lyslo

Grautabasar 2013 © Cecilia LysloGrautabasar 2013 © Cecilia Lyslo

Grautabasar 2013 © Cecilia Lyslo


Grautabasar 2013 © Cecilia Lyslo


Grautabasar 2013 © Cecilia Lyslo


Grautabasar 2013 © Cecilia Lyslo


Grautabasar 2013 © Cecilia Lyslo


Grautabasar 2013 © Cecilia Lyslo


Grautabasar 2013 © Cecilia Lyslo


På grautabasar i Heimlund

Av Fjordingen

Trass i at sola skein, strøymde bygdefolket til ungdomshuset Heimlund i Innvik søndag ettermiddag (7/4). Den årlege grautbasaren stod på programmet, og huset var fullt då leiar i Innvik Bygdekvinnelag, Ingvild Johansen, ønskte velkomne.

I Fjordingen onsdag 10. april 2013, side 13 kan du sjå bilder og lese nyhenda Geir-Ståle Vatnamo har laga.
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.



(Sist oppdatert 22.april 2013, 05:38)

Gå til nyhendearkiv