Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Innvikfilm 1

Innvikfilm 1 blir vist i Heimlund 17 mai, kl. 1930

17 mai, blir det noko så sjelden, som framsyning av lokalhistorisk film frå Innvik.

Framsyninga blir kl. 19.30 i Heimlund, og her er det lurt å være ute i god tid, for ein reiknar stort oppmøte!

Det er Steinar Hilde, som dei siste 13 - 14 åra, sakte men sikkert har samla inn lokalfilm frå Innvik. Filmane har han digitalisert frå 8 og 16mm film, men og litt kassett kopiar av forsvunne filmorginalar.

Den startar med ein bildeserie, som går attende til 1800 talet, og fram til 2008. Levande film startar med opptak frå innvik i 1952, digitalisert med farge og i full HD! Vi ser vidare utover i filmen, diverse historiske hendingar, og dagleglivet i Innvik på 60 og 70 talet.

Meir får De ikkje vite, filmen må ein møte opp i Heimlund for å sjå!

Steinar har laga heile produksjonen sjølv frå innsamling, digitalisering, og redigering til ferdig film. Hausten 2012, var han enig med seg sjølv at det var samla nok film til ”Innvikfilm 1”, og at den no kunne sluttførast. Det er laga eit ukjent antall prøvefilmar, før det endlege produktet vart klart! Filmen var planlagt å vare 60 minutt, men vart 90 minutt. Han hadde ikkje hjerte til å klippe vekk for mykje av dei beste opptaka, seier Steinar, men det er likevel klipt ned frå ca, 10 timar råfilm, til 90 minutt ferdig film.

Steinar påpeikar at han skal forsette arbeidet med innsamling av film. Her er definitivt fleire filmskattar frå Innvik, og han håpar at ein med film nr. 1 skal vekke interessa til folk flest, så meir viktig og artig dokumentasjon dukker opp frå sjuleplassane sine. Alle som har levert inn film, til dette prosjektet, har godkjent bruk av sine filmar skriftleg.

Det er ingenting som viser, og dokumenterer hendingar og historie så godt som film. Med levande bilder flytter du deg raskt tilbake i tid, og mange gløymde minner dukkar opp, som det skulle vore i går! Dette er faktisk lokalhistorie frå heimbygda di.

Det er kjempeviktig å sjå framover i tid, men for at framtida skal bli enklare, må ein og sjå seg tilbake, for å lære av historia. Det er og basisen for identitet. På firmalogoen til Steinar står dette svart på kvitt: ”Ta vare på fortida, for framtida”!

Det er akkurat det Steinar tenkte på når han laga denne filmen.

Vi reiknar med at heile seansen, med pause, vil vare ca. 2 timar. Halve billettinntektene, skal tilførast huset Heimlund. Filmen blir ikkje solgt på DVD, så her er det berre å møte opp!

Billett kr. 100,-


(Sist oppdatert 03.mai 2013, 11:57)

Gå til nyhendearkiv