Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Gong- og sykkelveg i Hildastranda

Gong- og sykkelveg i Hildastranda

Av Lars Åge Hilde

Gong- og sykkelveg langs fylkesvegen i Hildastranda har vore omsnakka i over 40 år. Det er muleg at det endeleg kan skje i 2015 eller 2016.

Innvik Bygdeutviklingslag har arbeidd for ei utviding av området som skulle få betre forhold for mjuke trafikantar utover til Fruktlageret / Klokkarbakken. Vi trudde også at vi hadde fått gehør for dette. Det var derfor litt nedtur når reguleringsplanen skal omfatte det området, men det samtidig er klart at i denne omgong blir arbeidet avslutta på nordsida av Vagstadkrysset.

Tysdag 7.mai var det synfaring med grunneigarane i reguleringsområdet. Dei fleste eigarane var representert, og Kolbjørn Nilsen var på plass frå kommunen.

For Vegvesenet møtte: Julie Ognes (som skal teikne ut prosjektet), Gunn Marie Ødegård (leiar for prosjektet) og Liv Janne Kvåle (som blir den som skal forhandle om innløysing av grunn og kompensasjon).

Fylket løyver midlane og er dermed «bestiller» av prosjektet. I dette prosjektet er bestillinga gong- og sykkelveg frå Tøsse til Vagstadkrysset. I planen skal det vere regulert for framtidig framføring av fylkesveg i 7,5 meters breidde. Samtidig er det usikkert om fylkesvegen faktisk blir utvida, slik at gong- og sykkelvegen også må ta omsyn til fylkesvegen slik den ligg i dag. Vegvesenet skal altså berre utføre prosjekteringa for Fylket, og må halde seg innanfor råmene i «bestillinga».

Det som synest heilt klart er at gong- og sykkelvegen skal ligge på ovanforsida av FV60. I «kladden» er det lagt opp til busslommar ovanfor vegen litt innfor Bergh og ute ved Vagstadkrysset, og nedanfor vegen innanfor Høgalmen og om lag nedanfor Jon Idar Hilde.
Det er lagt opp til at oppsitjarane frå «Kathrinabakken» og utover får følge gong- og sykkelvegen ut til Floelva.

I dag er vegbredda på parsellen 4-5 meter. Normen krev 3 meter mellom bilveg og gongveg, og gongvegen skal vere 3 meter brei (4 hvis der også skal vere biltrafikk). Det vil seie at planen mange stader krev ei bredde på totalt nesten 15 meter. Når vi så har Hildanausta (som ikkje skal berørast) og strandsona (som skal berørast minst muleg) seier det seg sjølv at her blir det trangt mange stader.

Det synest heilt klart at Sydnesslada og Svorenhuset vil bli fjerna. Uthuset til Olaug Hilde og huset til Tore Drageset (Alf og Liv) står heller ikkje heilt trygt.

Blant oppsitjarane var det stort sett velvilje til prosjektet. Ikkje uventa då eigedomane har vore meir eller mindre bandlagde i to mannsaldrar. Det verka som dei frammøtte frå bygda stort sett var samstemde i følgande:

• Det burde ideelt sett vore anlagt rundkøyring i Vagstadkrysset
• Løysing for mjuke trafikantar burde takast gjennom heile Vagstadkrysset
• Busslomme bør anleggast berre ovanfor fylkesvegen (tovegs stor busslomme ved Sydnesslada)
• Det bør vurderast om dei andre busslommane (ved Bergh) er nødvendige. Tilstrekkeleg å ha ved Viking
  Camping?
• Krysset ved Floelva bør vere der det er, gong og sykkelveg kan trekkast litt opp frå fylkesvegen der, på
   eiga bru over elva.
• Gong- og sykkelvegen bør vere køyrbar (for bebuarar) frå Bergh til Floelva og frå Jan Nesdal til
  Campingen
• Fylkesvegen nedanfor Jan Nesdal MÅ utbetrast og forsterkast snarast.
• For å minimalisere ulempene bør rabatten mellom bilveg og gong- og sykkelveg reduserast til 1,5 meter,
  i alle høve der den framtidige 7,5 meters vegen mest sannsynleg blir utvida nedover.

Vi i Bygdeutviklingslaget vil peike på at denne gong- og sykkelvegen er svært etterlengta i bygda. Det måtte kjempast i kommunen for at den endeleg skulle kome opp i prioritering no, og vi må strekke oss langt for at den no verkeleg skal bli oppstarta. Ellers må vi rekne med at omprioriteringar kan skje, slik at vi ikkje får den i det heile tatt.

Alle er vel enige i at det er uheldig at det ikkje blir gjort noko drastisk med Vagstadkrysset i same slengen. Og det er vel egentleg nærmast en skandale at det ikkje blir lagt opp til å oppgradere FV60 på denne 1000-meters parsellen samtidig med at eit omfattande anleggsarbeid skal pågå der.

I denne omgongen trur vi at det er best at vi tek det vi får, mens vi kan få det. Vi vil derfor oppmode alle dei impliserte partane om at prosjektet blir møtt på ein smidig måte slik at det ikkje blir unødvendig forsinka. Desse vegmidlane må vi ikkje miste!


For IBU
Lars Åge Hilde


Les også tidlegare nyheitskriv 42 centimeter høgdeforskjell, her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 16.mai 2013, 10:20)

Gå til nyhendearkiv