Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Tonar i sommarnatta

Av Fjordingen

Vikane Blandakor byr på ein konsert med stor spennvidde når dei inviterer til "Tonar i sommarnatta" laurdag.

Det aktive blandakoret, som vert dirigert av Leszek Wolczek, har sjølve eit variert repertoar som spenner frå Phantom of the Opera til U2.

Med seg på konserten har dei også Vikane Skulemusikk under dirigent Ketil Rasmussen.

- Elisabeth Andersson Hilde skal spele fløyte med korpset. Det blir også to andre gjesteartistar som opptrer under konserten, Marte Barnung og Kjetil Rasmussen, fortel Kristin Lyslo Søndenå, styremedlem i Vikane Blandakor.

Konserten vert halden i tradisjonsrike lokale i Gamle Innvik Ullvarefabrikk.

- Etterpå blir det servering av mat og drikke og dans til Arnfinn Siem, fortel Kristin Lyslo Søndenå.


Dette sto i Fjordingen onsdag 29. mai 2013. Om du ønsker abbonement på Fjordingen gå til www.fjordingen.no.


Sjå også arrangementet "TONAR I SOMMARNATTA", her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 31.mai 2013, 19:44)

Gå til nyhendearkiv