Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

150 på folkemøte om asylmottak

150 på folkemøte om asylmottak i Innvik og Loen

Av Fjordingen

Norsk Folkehjelp og UDI sine planar om å etablere desentralisert asylmottak for ca 60 bebuarar på Loen Hotel, ca 75 på Langvin og 20 i Urdahuset i Innvik har skapt stort engasjement.

Tilbakemeldingane frå dei 150 som deltok på informasjonsmøtet i Innvik måndag kveld var eintydig: Så små lokalsamfunn maktar ikkje å ta imot så mange asylsøkjarar.

Asylmottak i Stryn kommune konkurrerer med etableringar i Årdal og Voss. Dersom anbodsrunden endar opp med at valet fell på Loen og Innvik, betyr det at busetjinga startar allereie 1. august.

Det skisserte mottaket i Stryn kommune, der det også ligg inne opsjon på ytterlegare 60 plassar, vil gje Stryn kommune ein årleg kompensasjon på 462.700 kroner. I tillegg kjem 4.955 kroner per mottaksplass. Det er også ønskje at kommunen gjev barnehageplass til 4-5 åringar. Her er tilskotet 10.425 kroner per barn per månad.

- Denne prosessen har gått altfor raskt. Som ordførar er eg ikkje tilfreds med at asylmottak kan bli oppretta allereie 1. august. Med så kort frist kan ikkje kommunen takle dei utfordringane som ei slik etablering medfører, fastslo Sven Flo.

- Vi tek med oss det som har blitt sagt på møtet, men det er eit faktum at vi gjennom anbodskonkurransen er pålagt å opprette asylmottak. I slutten av juni blir det avgjort om det skal skje i Stryn kommune, i Årdal eller Voss, avslutta Sissel Mehammer.

Les heile saka på www,fjordingen.no.


(Sist oppdatert 03.juni 2013, 23:38)

Gå til nyhendearkiv